Stille natt! Heilage natt!
Alle sov, eine att
sit dei unge, dei utvalde to,
ser på barnet, så lukkeleg no:
Sov i himmelsæl ro!
Sov i himmelsæl ro!
Stille natt! Heilage natt!
Hyrdingar får høyra radt:
Frå den himmelske englehær
tonar til dei frå fjern og nær:
Krist, vår Frelsar, er her!
Krist, vår Frelsar er her!
Stille natt! Heilage nau!
Jesusbarnet vår dyre skatt!
Kjærleik lyser frå bodskapsord
til dei lengtande folk på jord.
Jesus er gåva vår stor!
Jesus er gåva vår stor!